Medieklipp

«Desentralisering av naudetatane fungerer»

Publisert Sist oppdatert

Justisdepartementet seier dei vil ha færre og meir robuste brannvesen. Sp-politikar Steinar Ness er ikkje einig, og meiner den gode handteringa av brannen i Gudvangatunnelen og bussulukka i Sogndal talar mot sentralisering av naudetatane, melder NRK Sogn og Fjordane.
Justisdepartementet handsamar no eit forslag om å gjere dagens 27 politidistrikt til seks og leggje ned ei rekkje alarmsentralar.
– Det hendinga i Gudvangatunnelen viser er jo verdien av lokalkunnskap. Enkeltpersonar sin innsats er ofte avgjerande. Desse folka som skulle hatt betre opplæring klarte faktisk å handtere situasjonen, då må vi byggje vidare på det, seier Ness.
Justisdepartementet seier dei vil ha færre og meir robuste brannvesen, naudsentralar og politidistrikt. Når justisminister Faremo kjem til Florø og Aurland i dag, meiner Ness ho må få med seg at små einingar fungerte bra då Gudvangatunnelen skulle evakuerast og brannen slokkast.
– Då kjem ho til ein kommune som ikkje er robust, ifølgje teoretikarar i Oslo. Dei vil møte eit brannvesen som ifølgje dei same teoretikarane heller ikkje er robust, meiner Ness.
Brannsjef i Aurland kommune, Arvid Gilje, meiner samarbeidet med andre politidistrikt fungerer bra.
– Vi har fått veldig mykje skryt. Vi har eit veldig godt samarbeid med nabobrannvesenet og Bergen, seier Gilje.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS