Medieklipp

Denne båten har aldri hatt eit meir roleg år

Ambulansebåtana har hatt eit svært roleg 2020.

Publisert Sist oppdatert

No har dei éi bøn til dei mange ferske båteigarane som skal ut på sjøen, skriv NRK Vestland.

Til no i år har mannskapet på ambulansebåten M/S «Rygervakt» hatt rolege dagar. Grunna koronapandemien har båtane berre vore ute på ein fjerdedel så mange oppdrag som året før.

No gjer dei seg klar for ein sein sommar der dei må rykke ut i eitt sett.

– Folk brukar hyttene sine meir enn nokon gong. Det er enormt mange båtturistar ute. Me er spente på korleis sesongen blir.

Det seier ambulansebåtarbeidar Arild Fagerheim. Mannskapet på tre i ambulansebåten i Austevoll utanfor Bergen har brukt våren på å førebu seg på det dei trur vil verta ein uvanleg travel sommar.

– Det er fordelen med at me hadde det roleg i vår, seier Fagerheim.

Fryktar skjær i sjøen for nye båteigarar

Båtsalet i år har eksplodert. Det gjer ambulansepersonellet uroa. Dei ber nye båteigarar vera ekstra forsiktige.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS