Hopp til hovedinnhold


Den flytande ambulansen i Ålesund

Den flunkande nye redningsskøyta vil fungere som ein flytande ambulanse. «Eyr Ytterholmen» vart henta frå verftet for berre to dagar sidan.

Den flunkande nye redningsskøyta vil fungere som ein flytande ambulanse. «Eyr Ytterholmen» vart henta frå verftet for berre to dagar sidan, skriv NRK Møre og Romsdal.

Det nye fartøyet er lettare og raskare enn dei fleste ordinære redningsskøytene. I tillegg er den svært miljøvennleg sett opp mot dagens fartøy. Fokuset ligg på rask transport.

– Den vesentlege forskjellen frå ei vanleg redningsskøyte er at dette er ein ambulanse. Fokuset er at det skal vere ein profesjonell sjukelugar på same måte som ein ambulanse på land, fortel styrmann Johan Petersen.

Det er første gongen at redningsselskapa har bygd eit spesialfartøy som skal vere reine ambulansar. Trass i at redningsskøytar til tider fraktar sjuke og skadde.

– Akkurat denne båten, og dei to neste som er under bygging, vil vere reine ambulansebåtar og drivast annleis enn dei vanlege redningsskøytene. Desse er for sjuke- og ambulansetransport, seier styrmannen om bord.

Fartøyet er produsert ved Brødrene Aa i Hyen i Nordfjord.

Les meir om saken hjå NRK