Ambulanse
Byggjer ambulansebygg på Bømlo
Bremnes Taxi AS vann anbodskonkurransen om nytt ambulansebygg på Bremnes. Engelsen Bygg AS skal gjera byggjejobben, skriv Sunnhordland.
Fredag skreiv Helse Fonna under kontrakt med Bremnes Taxi AS og Engelsen Bygg AS på totalentreprisen på den nye ambulansestasjonen i Hollundsdalen.
– Kontrakten er verd 9 millionar kroner totalt, seier dagleg leiar i Engelsen Bygg AS, Roald Urnes.
Samla tilbod
I februar tok dagleg leiar i Bremnes Taxi AS, Atle Christensen, kontakt med Engelsen Bygg om samarbeid for å levera inn tilbod på prosjektet. Engelsen Bygg kontakta Omega Areal AS på Stord, som kom med tankar og teikningar til korleis ambulansestasjonen kunne sjå ut. Tilbod vart levert inn og tevlinga vart vunnen. Alt 22. april neste år skal bygget stå klar til innflytting.
– Dei første spadetaka vert tekne i byrjinga av september, fortel Roald Urnes som både kjem til å stola på eigne krefter og hyra inn underleverandørar når jobben skal gjerast.
– Kven me kjem til å nytta oss av, er for tidleg å seia, men Engelsen Bygg AS har tradisjon for å bruka lokale leverandørar, seier Urnes
Les meir om saka hjå Sunnhordland