Hopp til hovedinnhold


«Buss med over 20 ungdommar har velta»

– Alt av redningsmannskap har rykt ut til Bjørke, etter meldinga om at ein buss med over 20 ungdommar har velta.

Voss: – Alt av redningsmannskap har rykt ut til Bjørke, etter meldinga om at ein buss med over 20 ungdommar har velta. Heldigvis er det berre ei øving, skriv Avisa Hordaland.

Til saman var det med rundt 50 redningsarbeidarar og mellom 15 og 20 markørar på øvinga.

– Dette er ei svært viktig øving for alle etatane på Voss. Ein dag vil me kanskje stå overfor eit slikt scenario også her, og då er det veldig bra å ha øvd først, seier varabrannsjef Signar Aune om øvinga.

Kaoskontroll

Det er Norsk Luftambulanse som står bak kurset og den praktiske øvinga for alle redningsetatane. Målet er å skapa kontroll på akutte situasjonar så tidleg som mogeleg om ein så alvorleg alarm skulle gått.

– Det viser seg ofte at det vert ein del kaos i starten når det skjer så alvorlege ulukker som dette. Derfor øver me no på dette. Øving gjer meister,  seier assisterande redningssjef i region vest Brit Ingvild Abrahamsen.

Meir effektive

I løpet av dei to dagane kurset har halde på  kan Abrahamsen sjå tydelege endringar i korleis redningsarbeidarane taklar dei ulike stressituasjonane dei hamnar i.

– Eg ser at alle etatane er rolegare no og det er langt meir flyt i samarbeidet deira enn kva det var på kurset første dagen. Eit godt samarbeid reduserer responstida hjå dei fleste etatane, seier Abrahamsen.

Les meir om saka i Avisa Hordaland