Nødmeldetjeneste

Brukte AMK-operatørar utan nok opplæring

Publisert Sist oppdatert

Oppvask i Helse Førde etter trippeldrapet på Valdresekspressen. To av tre operatørar som bemanna AMK-sentralen hadde ikkje tilstrekkeleg opplæring, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Helse Førde har tidlegare tatt sjølvkritikk for dårleg varsling av dei andre naudetatane i trippeldrapssaka i Årdal.
NRK har no fått tilgang til dokument som viser at to av tre operatørar som hadde vakt på AMK-sentralen denne ettermiddagen, hadde fått for lite opplæring til å handtere ei slik hending og at dei ikkje hadde oppdaterte utsjekkar/sertifisering.
Dokumenta som NRK har fått tilgang til er sendt frå Helse Førde til Fylkeslegen i Sogn og Fjordane i samband med ei tilsynssak mot AMK-sentralen.
Helse Førde har sendt rundt 60 sider til fylkeslegen som svar på tilsynssaka. Helse Førde tek no igjen sjølvkritikk, og seksjonsleiaren for AMK skriv dette om bruken av operatørar utan tilstrekkeleg opplæring:
«Dette må leiar ta til etterretning, og ikkje setje folk inn som operatørar før ein er sikker på at dei mestrar oppgåva og har oppdaterte utsjekkar.»
Bakgrunnen for tilsynssaka, som blei oppretta av Fylkeslegen i Sogn og Fjordane i november, er at det kan ha skjedd svikt i varslinga i fleire alvorlege hendingar i Sogn og Fjordane, mellom anna i trippeldrapssaka på Valdresekspressen.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS