Medieklipp

Brødrene Aa skal levere ny ambulansebåt

Rødne Ambulanse teiknar kontrakt med Brødrene Aa om levering av ambulansekatamaran til Ryfylkebassenget.

Publisert Sist oppdatert

Rødne Ambulanse, ein del av L. Rødne og Sønner AS, har inngått kontrakt med Brødrene Aa om bygging av ein ny 22 meter lang ambulansekatamaran melder Skipsrevyen.

Rødne Ambulanse AS blei tidlegare i år tildelt kontrakt for ambulansebåtdrift til øyane Ryfylkebassenget nord for Stavanger for perioden mai 2021 til mai 2027.

Glade for oppdraget

Båten skal setjast inn i drifta av dette anbodet, heiter det i ei pressemelding tirsdag.

Rødne Ambulanse har stått for ambulansedrifta i dette området i mange år. I dag blir tenesta utført av Rygerdoktoren som blei levert av Brødrene Aa i 2002.

Rygerdoktoren var ved levering verdas fyrste kommersielle karbonfiberbåt, og den markerte samstundes eit tidsskilje for Brødrene Aa som verft med introduksjonen av karbonfiber som byggemateriale.

Snart 20 år seinare vert den nye ambulansebåten Rødne sin båt nummer 21 frå Brødrene Aa, deira tolvte i karbonfiber.

Les hele saken hos Skipsrevyen.

Powered by Labrador CMS