Hopp til hovedinnhold


Braut kravet om 45-minuttars utrykkingstid

I brannen i Skatestraumtunnelen gjekk det 53 minuttar frå politiet blei varsla til den fyrste patruljen var framme. Kravet er 45 minuttar, skriv NRK Sogn og Fjordane.
– Det er ein vanskeleg tilgjengeleg stad for politiet. Me har ikkje politifolk som arbeider så nær at me makta å rykkja ut på noko betre tid, seier Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Hauge var stabssjef for redningsaksjonen under den dramatiske eksplosjonsulukka i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger kommune onsdag.
Sogn og Fjordane politidistrikt har tidlegare fått kritikk for sein utrykkingstid, til dømes i trippeldrapet på Valdres-ekspressen i Årdal.
I Skatestraumtunnelulukka reknar politiet utrykkingstida frå det tidspunktet dei respektive lensmannskontora blei varsla, og ikkje frå det tidspunktet politiet sin alarmsentral fekk beskjed. Difor vil ikkje Hauge bruka 53 og 60 minuttar som responstid.
– På nordsida: 49 minuttar. Og på sørsida: 48 minuttar. Og det er eigentleg ei forventa utrykkingstid til eit såpass vanskeleg tilgjengeleg område.
Tilfeldigvis hadde dei ein operasjonsleiar i området som meldte seg til teneste.
Espen Gulliksen arbeider til dagleg ved operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt i Florø, men hadde fri og drakk morgonkaffien hjå gode vener heime i Rugsundet i Bremanger då han blei ringt opp av kona som er kontortilsett ved lensmannskontoret i kommunen.
Ho fortalde om tankvogna med bensin som brann i Skatestraumtunnelen, ikkje så langt frå der Gulliksen var. Gulliksen kasta seg difor i bilen og melde seg til teneste for operasjonssentralen.
Ifølgje loggen til politiet kom han fram til tunnelopninga på nordsida klokka 10.48–21 minuttar etter at politidistriktet var blitt varsla.

Evakuerte folk i båt

– Fyrst fekk eg jaga folk vekk frå tunnelopninga og sett bilen min opp som sperring cirka 500 meter unna. Røyken som kom veltande ut av tunnelopninga var farleg. Han var kolsvart, og me visste at det var bensin som stod i fyr, så eg ville ha folk vekk på lang avstand.
Kledd i shorts og skjorte tok Gulliksen styringa på redningsaksjonen i den innleiande fasen. Han starta arbeidet med å evakuera husa som låg nær tunnelopninga og fekk ein kjenning til å springa ned til innbyggjarane i grenda Hamnen.
– 5–6 personar i husa der blei evakuerte ut i båt. Ein annan person sprang opp til husa på austsida av tunnelopninga og fekk evakuert folka i dei to næraste husa.

Politimannen får ros

– Innsatsen til Gulliksen var veldig viktig, seier Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt.
– Han gjorde ein strålande innsats, og det var veldig bra at me hadde han buande der, slik at han kunne rykkja ut på kort varsel.
– Kor viktig er det å ha politifolk buande kringom i distrikta, slik me onsdag såg døme på?
– Det er veldig viktig for at politiet skal kunna koma raskt til staden, noko som er avgjerande spesielt i slike alvorlege hendingar. Dette vil òg ha stor betydning for den framtidige strukturen i politiet.

Slik rykte naudetatane ut under Skatestraumtunnelulukka

10.26: Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Helse Førde får melding om ulukka.
10.27: AMK Helse Førde trippelvarslar brann og politi.
10.28: Fyrste ambulanse blir varsla, Svelgen.
10.29: Lege i Hauge i Bremanger blir varsla.
10.30: Andre ambulanse blir varsla, Bremanger.
10.30: Brannkorps i Svelgen blir varsla, framme truleg litt over 11. (Brannvesenet har ikkje eksakt logg på dette.)
10.31: Politiet i Florø blir varsla.
10.31: Luftambulanse i Helse Førde blir varsla, Førde.
10.33: Hovudredningssentral Sør blir varsla.
10.33: Regionalt AMK i Helse Vest blir varsla.
10.34: Brannkorps i Hauge blir varsla, framme truleg etter 20 minuttar (Brannvesenet har ikkje eksakt logg på dette.).
10.35: Brannkorps i Florø blir varsla.
10:35: Redningshelikopteret i Florø blir varsla, tek med seg politi til ulukkesstaden.
10.37: Brannkorps i Davik blir varsla.
10.37: Tredje ambulanse blir varsla, Eid.
10.39: Lensmannskontoret i Vågsøy blir varsla.
10.40: Brannkorps i Eikefjorden blir varsla.
10.44: Brannkorps i Vågsøy blir varsla.
10.45: Fjerde ambulanse blir varsla, Vågsøy.
10.48: Andre ambulanse er framme ved Skatestraumtunnelen, 22 minutt etter at AMK er varsla.
10.53: Politiet melder frå om at det går eit helikopter frå Bergen, med plass til røykdykkarar. Denne helikopterturen blir seinare avlyst. Brannvesenet i Bergen byrjar då å skaffa ny transport, men får avlyst bestillinga klokka 11.43.
10.52: Fyrste ambulanse er framme ved Skatestraumtunnelen.
11.05: Luftambulanse i Helse Førde er framme ved Skatestraumtunnelen.
11.20: Den fyrste politipatruljen når fram til nordsida av Skatestraumtunnelen, kjem i redningshelikopter frå Florø.
11:27: Den fyrste politipatruljen når fram til sørsida av Skatestraumtunnelen, kjem i bil frå Måløy.
11.28: Fjerde ambulanse er framme ved Skatestraumtunnelen.
11:42: Tredje ambulanse er framme ved Skatestraumtunnelen.
Kjelde: Sogn og Fjordane politidistrikt, Helse Førde og Brannvesenet i Sogn og Fjordane
Les meir om saka hjå NRK