Medieklipp

Hva om Hjelp 113 ble utvidet med video?

Brannvesenets naudteneste kan hjelpa i koronakrisa

Pasientar kan møta lege og sjukehus via mobilen. I København tar dei systemet i bruk i morgon.

Publisert Sist oppdatert

Du føler deg sjuk og sender ei melding til fastlegen. Legekontoret sender ei melding tilbake til deg med ei lenkje, skriv NRK Vestland.

Trykkjer du på denne og gir programmet tilgang til mobilkameraet, får du kontakt med fastlegen på video.

Dette er i korte trekk teknologien som utviklarane trur kan hjelpa Helse-Noreg:

  • Færre helsepersonell treng bli eksponert for koronasmitte.
  • Helsepersonell i karantene kan halda fram med å hjelpa pasientane sine.
  • Pasientar som er spesielt sårbare for koronaviruset, treng ikkje møta på legekontoret og utsetja seg for smitte frå andre.

Brann-hjelpemiddel

Systemet er allereie i bruk internt i brannvesenet, mellom anna for at folk så raskt som mogleg skal kunna senda video frå brannar. No blir appen lansert for helsepersonell, AMK-sentralar og sjukepleiarar.

– Koronapandemien fører til stor press på helsetenesta, og vi vil gjerne bidra i dugnaden med vår kompetanse. Med dette systemet blir helsepersonell og pasientar i minst mogleg grad utsette for smitte, seier dagleg leiar Kjell Thore Olsen i selskapet Ocean SAR.

Dei står bak teknologien saman med det danske selskapet Incendium.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS