Hopp til hovedinnhold


Brannvesenet vart ikkje varsla om knivmannen

Brannvesenet som rykte ut til Valdresekspressen fekk ikkje vite at det var ein desperat mann med kniv i bussen før dei kom til staden. Både AMK og politiet visste då at det var ein knivmann om bord, skriv NRK Norge.
Bakgrunn: Brannmenn pågrep drapsmann med pulverapparat og Ambulansearbeidere teipa sikta på hender og føtter
Mer om Årdal-drapene: Ambulansetjenesten måtte vente en time på politietBrannfolkene frustrert av å vente på politietPoliti og ambulanse fikk gisselvarsel samtidig og Pål overmannet den trippeldrapsiktede 30-åringen
Les også: Frykter at tregt politi skal koste liv
– Mitt mannskap var førebudd på kome til ei trafikkulukke då dei køyrde mot staden. Det er svært uheldig at denne viktige informasjonen ikkje kom fram til mitt mannskap, seier Gaute Johnsgaard, brannsjef i Årdal brannvesen til NRK.no.
Brannvesenet og ambulansepersonell var dei første som kom til staden. Politiet kom fram først ein time og elleve minutt etter at dei fekk melding. Dei køyrde også ein omveg på 36 kilometer.
Ifølgje instruksen skal varsling skje omgåande, såkalla «trippelvarsling», til alle etatar når det kjem inn melding om ulukker.
NRK har no fått tilgang til brannvesenet sin interne aksjonslogg. Den viser at dei aldri fekk melding om at det var ein mann med kniv om bord i bussen før etter dei var framme på staden.
Alarmsentralen Sogn og Fjordane er ein interkommunal alarmsentral som har ansvar for brannmeldingar i fylket. Dei er samlokaliserte med politiet sin operasjonssentral. Det er berre ei skyvedør imellom dei to sentralane. Likevel kom ikkje beskjeden fram.
Les meir om saka hjå NRK