Medieklipp
Brannfolka i distriktet kurses til å bli betre livreddarar
Når ulykka er ute er ofte brannfolka dei første på staden. For å gjere brannfolka betre budde på livreddande førstehjelp vert dei kursa til å bli såkalla akutthjelparar.
– Brannfolka er i snitt 16 minutt før lege og ambulansepersonell på ein ulykkesstad. Dette gjeld også Ørsta, og spesielt på Vartdal, Sæbø og Øye.
Derfor er det viktig at dei har kunnskapen som skal til for å kunne utøve akutt naudhjelp på skadestad eller hos alvorleg sjuke pasientar, seier brannsjef i Ørsta, Thomas Winther Leira til Møre Nytt (krever innlogging).
Kurset er sett saman av ein e-læringsdel som alle gjennomfører på nettet, og ein dag med praktisk trening.
Fokuset er på tiltak som fri luftveg, stans av store blødingar, førebyggje nedkjøling, tidleg bruk av hjartestartar, samt hjarte og lungeredning med god kvalitet.
Instruktør Lennart Waagan arbeider til vanleg i Helseføretaket si ambulanseteneste, og han tar kursoppdraga for Stiftinga Norsk Luftambulanse.
– Brannfolka har mykje å bidra med, og vi ser stor nytte av desse kursa. Fleire gongar i året vert liv redda av akutthjelparar, seier Waagan.
Stiftinga Norsk Luftambulanse opplyser at dei har kursa 4.300 akutthjelparar over heile landet.
Les heile saken i Møre Nytt (krever innlogging).