Aktuelt

Brann i Lærdalstunnelen

Publisert Sist oppdatert

Eit køyrety har teke fyr inne i verdas lengste tunnel, skriv Sogn Avis.

Det brenn i eit køyrety inne i Lærdalstunnelen, opplyser politiet, som fekk melding om dette klokka 00.11 natt til tysdag.

Klokka 00.30 er brannvesenet på staden, medan politi og ambulanse er på veg.

- Så langt veit me at det brenn i eit køyrety, men me har ikkje oversyn over kva slags køyrety det er snakk om. Me har førebels heller ikkje fått melding om at det er personskader, vert det opplyst frå politiet sin operasjonssentral.

Tunnelen er stengd inntil vidare. - Brannen er no sløkt, men tunnelen er stengd i påvente av opprydningsarbeid.

Les meir om saka hjå Sogn Avis

Powered by Labrador CMS