Hopp til hovedinnhold


Ber Høie stanse bygging

Sjukehusaksjonen Nordfjord ber helse- og omsorgsminister Bent Høie om gripe inn og stanse Helse Førde sine planar om å bygge leilegheit og ambulansestasjon inne på Nordfjord sjukehus, skriv Fjordabladet.
Sjukehusaksjonen Nordfjord ved leiar Svein Hansen, viser i brevet til tidlegare krav framsett overfor dåverande helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre, der ein bad helseministeren ta grep slik at Helse Førde sine planar om å ta 150 kvadratmeter av sjukehusarealet ved Nordfjord sjukehus til å byggje leilegheit for ambulansetenesta, blei stogga straks.
Konsekvensar
I brevet til statsråd Høie viser sjukehusaksjonane til kva konsekvensar ei ombygging vil medføre for Nordfjord sjukehus dersom Helse Førde gjennomfører prosjektet.
− Dette arealet er i dag nytta til medisinske poliklinikkar som til dømes gastroenterologisk poliklinikk, hjertepoliklinikk, generelle medisinske tilstandar, diabetespoliklinikk, eldremedisinsk poliklinikk med meir. Poliklinikk-arealet er spesialutstyrt til dette formålet, og har også utstyr og areal til ortopedisk poliklinikk med funksjonsrom, som heldt til her fram til avviklinga av ortopedien 16. desember 2011, skriv Sjukehusaksjonen i brevet til statsråd Høie.
Ambulansestasjonen på Eid held i dag til i oppgradert og moderne husvære heilt i nærleiken av akuttmottaket til sjukehuset. (ca 80 meter avstand), og vi ser ikkje behovet for å endre på dette.  Ambulansepersonalet på Eid ser heller ikkje dette behovet.
− Alternativet med eigen ambulansestasjon på den byggeklare tomta  kan fullførast straks med fullverdig ambulansegarasje i 1.etasje og leilegheit i 2. etasje. Prisen blir under halve kostnaden av det prosjektet som Helse Førde har planlagt.  Eit sjølvstendig bygg vil heller ikkje få innverknad på sjølve infrastrukturen til NSH, då fjordvarme, avløpsrør, fiber og elektrisk røyropplegg allereie er lagt fram til grunnmurar for ein eventuell ny ambulansestasjon.
Les meir om saka hjå Fjordabladet