Ambulanse

Avviser ambulansekutt

Publisert Sist oppdatert

Helse Møre og Romsdal: Ordførar Odd Helge Gangstad avviser alle forslag som måtte innebere dårlegare ambulanseteneste i Midsund, ifølge Romsdal Budstikke (krever innlogging).
– Forslaga som har kome opp, er nokså diffuse, men går på endring av ambulansetenesta vår. Men kutt er uaktuelt, vi nektar, seier Gangstad. I Midsund er det i dag ambulansestasjon like ved sjukeheimen, med to på vakt.

Har hatt møte

Gangstad viser til møte kommuneleiinga i Midsund saman med moldeordførar Torgeir Dahl har hatt med helseføretaket. I møtet vart det ifølge Gangstad orientert om ulike scenario utarbeidd av ei arbeidsgruppe.

Kuttframlegg

Gangstad opplyser at dei skisserte framlegga inneber nedskalering av dagens ambulanseteneste, til dømes med einparamedic på vakt i staden for to ambulansearbeidarar, eller omlegging der ambulanse ikkje skulle vere stasjonert på Midsund, men skulle bestillast.
– Vi er heilt avvisande til alle endringar som ikkje vil vere til det betre for folk i Midsund, seier Gangstad. Og trekker parallellar til forslaget om kutt i ambulansetenesta i Geiranger.

Som i Geiranger

Tidlegare i haust vart det kjent at Helse Møre og Romsdal foreslo bemanning med berre éin person på ambulansevakt i Geiranger vinterstid. I staden for to personar på vakt i ambulansen, skisserte HMR at ambulansen kunne ha med seg ein frå kommunen sitt brannmannskap. Dette til store protestar frå bådeambulansepersonell og kommuneleiing.
Les mer om saken hos Romsdal Budstikke (krever innlogging)

Powered by Labrador CMS