Nødmeldetjeneste

Årets sjukepleiar i Møre og Romsdal

Publisert Sist oppdatert

I grunngjevinga heiter det at Anne-Mari Holm har stimulert til eit godt og inspirerande undervisningsmiljø for kollegaer og studentar ved AMK-sentralen til Ålesund sjukehus, skriv Høgskolen i Ålesund.
Ho brenn for AMK, er ein pådrivar og har stor kunnskap som blir delt med alle på arbeidsplassen.
Holm arbeidar ved AMK-sentralen på Ålesund sjukehus, ein plass som er det første møte med helsetenesta for mange i akutte situasjonar.
Kåringa av årets sjukepleiar er ein tradisjon i Møre og Romsdal. Den blir delt ut av ein jury oppnemnt av fylkesstyret i Norsk Sykepleierforbund (NSF), og skal fremme ein sjukepleiarteneste i Florence Nightingales ånd, tilpassa det moderne samfunnet.
Prisen går til ein sjukepleiar som utøvar faget på ein måte som utmerker seg gjennom pasientretta arbeid, og som utviklar faget generelt eller innan et særskilt område.
Holm vart heidra under fagdagen til NSF Møre og Romsdal på Høgskulen i Ålesund.
Les meir om saka hjå Høgskolen i Ålesund

Powered by Labrador CMS