Nødmeldetjeneste
AMK-sentralen i Molde blir lagt ned
AMK-sentralen i Namsos vert halden oppe. Det er klart etter at styret i Helse Midt-Noreg torsdag ettermiddag behandla den framtidige AMK-strukturen i Midt-Noreg, skriv NRK Møre og Romsdal.
NRK Trøndelag: – Bekfreftelse på at de gjør en god jobb
Tre representantar frå Møre og Romsdal stemte for å behalde AMK-sentralen i Molde. Eva Vinje Aurdal ville i utgangspunktet ha berre to sentralar i Midt-Noreg, men ville behalde Molde då det vart foreslått at Namsos skulle bli verande.
– Eit forklaringsproblem
Aurdal ser ikkje at argumentasjonen for å halde oppe det i Nord-Trøndelag er annleis enn å halde oppe det i Molde.
– Slik som situasjonen er i helseføretaket no, så trur eg vi få problem med å kunne forklare at vi skal behalde den i Nord-Trøndelag og legg med den i Molde når vi kjem til Møre og Romsdal, seier ho.
Les meir om saken hjå NRK