Nødmeldetjeneste
AMK: Får ofte ikkje tak i legar på vakt
Når liv og helse står på spel blir vakthavande lege alarmert, men i Sogn og Fjordane skjer det ofte at AMK-sentralen ikkje får tak i dei på helseradioen, skriv NRK Sogn og Fjordane.
I samband med oppvasken etter handteringa av trippeldrapet i Årdal, kjem det no fram fleire kritikkverdige tilhøve ved akutthelsetenesta i Sogn og Fjordane.
Som eit svar på ei tilsynssak mot Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Sogn og Fjordane, skriv Helse Førde i eit brev til Fylkeslegen i Sogn og Fjordane, at dei i enkelte tilfelle ikkje får tak i legane som har vakt i dei ulike kommunane:
«Vi opplever at kommunen sitt helsepersonell (vakthavande lege, journ. anm.) ikkje alltid har fått opplæring i riktig bruk av helseradio. Noko av problema vi opplever er at helseradioen ikkje er slått på, er tom for batteri, står på feil kanal, manglande opplæring og brukarfeil, feil radioidentitet på radioeininga.»
– Dårleg dekning
Helse Førde har i tilsvaret til fylkeslegen lagt ved eit oversyn som viser kor ofte vakthavande lege svarar når AMK-sentralen sender ut testalarm. Gulen legekontor har berre svart på sambandstest i fem av 15 tilfelle. «Sjeldan svar på radio på test. Ikkje alltid svar på telefon på legekontor», skriv Helse Førde i brevet.
Kommunelege Tommy Norman i Gulen seier at dårleg dekning er viktigaste årsaka til at dei i så mange tilfelle ikkje svarar på testane.
– Testane er ofte på måndagar, og då har eg utekontor. I Brekke og på Byrknesøy er det så dårleg dekning at eg knapt høyrer noko, og dei i andre enden høyrer iallfall ikkje meg. Ein av legane her brukar ikkje helseradioen i det heile.
Legevakta i Bremanger svara berre på seks av 15 testar, og vakthavande lege i Høyanger svara på sju av 15 testar.
Også ved reelle hendingar har AMK opplevd å ikkje få tak i legar på vakt. I Førde har det ved tre tilfelle siste tida skjedd at legen ikkje svarar når det hastar, på såkalla lege-/ambulansealarm.
Les meir om saka hjå NRK