Nødmeldetjeneste

AMK får kritikk

Publisert Sist oppdatert

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Helse Førde har blitt sett under lupa av fylkeslegen i Sogn og Fjordane etter fleire alvorlege hendingar i 2013. I sin konklusjon kjem fylkeslegen med kritikk for det dei meiner er svikt på fleire sentrale punkt, melder NRK Sogn og Fjordane.
Assisterande fylkeslege Linda Svori i Sogn og Fjordane sa i november til NRK.no at dei ved fleire høve har sett at det kan ha vore svikt i varslingsrutinane hos AMK i Helse Førde.
Dette gjeld til dømes brannen i Gudvangatunnelen, bussulukka i Fardal og trippeldrapet i Årdal. Etter den siste hendinga valde fylkeslegen å starte tilsyn.
– Det var den siste hendinga som gjorde at vi starta tilsynet no. Med innad har vi diskutert dette tidlegare, ut frå at vi har hatt fleire alvorlege hendingar i fylket, samt øvinga «Tyr», som tyder på at det kan ha vore svikt i varslingsrutinane, sa Svori til NRK.
Etter trippeldrapet på Valdresekspressen i Årdal vedgjekk Helse Førde raskt at rutinane ved AMK-sentralen svikta. Først 12 minutt etter at dei fekk melding om ei trafikkulukke på fylkesveg 53 varsla dei Alarmsentralen om ulukka.

– Ikkje forsvarleg

Gjennom tilsynet har fylkeslegen i Sogn og Fjordane sett nærare på varslingsrutinar og prosedyrar, og gått gjennom tidlegare avviksmeldingar.
Fylkeslegen har mellom anna sett nærare på AMK sine prosedyrar, system for opplæring av personell og teknisk utstyr for såkalla trippelvarsling (sjå faktaboks).
På dette punktet skriv fylkeslegen i sin konklusjon at dette ikkje har vore forsvarleg. Helse Førde har allereie utført ei risikovurdering og formulert sju læringspunkt for å redusere risikoen for svikt i trippelvarsling. Fylkeslegen har difor ikkje funne grunnlag for å følgje opp Helse Førde vidare på dette punktet.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS