Medieklipp
Ambulansetilsett sendt til sjukehus
Oksygenflaske eksploderte i hendene på mann under sløkking av storbrannen på Sande.
Oksygenflaske eksploderte i hendene på mann under sløkking av storbrannen på Sande,skriv Firda.
- Etter det vi har høyrt skal han i alle fall vere skadd i ein fot, men vi kjenner ikkje detaljane, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt til firda.no.
Oksygenflaske eksploderte
Det var under sløkkingsarbeidet i samband med måndagens bensinstasjonbrann på Sande i Gaular, at ein mann frå ambulansepersonellet vart skadd. Ei oksygenflaske han bar i hendene skal plutseleg ha eksplodert utan nokon form forvarsel.
- Vi veit ikkje om oksygenflaska var ei brannmannskapa hadde med seg til staden, eller om det var ei flaske som var i ferd med å bli henta ut frå bygningen, seier Hope.