Hopp til hovedinnhold
Fra ambulansemesterskap i utlandet. Foto: Thomas Renngård


Helse Fonna: Ambulansetenesta blir pilot for kollegastøtteordning

Det er ambulansetenesta sjølv som har tatt initiativ til ei kollegastøtteordning.

Målet er å sikre medarbeidarane omsorg, støtte og rettleiing etter spesielt belastande hendingar eller ved behov, melder Helse Fonna.

– Sjølv om vi har gode rutinar på defuse, debrief og leiars oppfølging, kan det skje at ein havnar litt mellom to stolar, seier avdelingsleiar Roger Lynghamar i ambulansetenesta i Helse Fonna.

– Derfor ville vi få på plass ei kollegastøtteordning som sikrar at det er eit lågterskeltilbod tilgjengeleg for alle medarbeidarane.

Nokon å snakke med

Kollegastøtte betyr at utvalte medarbeidarar har blitt kursa i samtaleteknikkar, jus og etikk for å kunne hjelpe kolleger som treng nokon å snakke med. Det kan vere eit plutseleg behov etter særleg tøffe oppdrag og belastande hendingar, eller noko som bygger seg opp over tid.

– Kollegastøtteordning er noko vi har jobba med å få på plass ei stund, seier Lynghamar, som fortel at dei mellom anna blei inspirert av politiet.

– Vi tok kontakt med bedriftshelsetenesta i Helse Fonna og saman med tillitsvalte og verneombod har vi no landa eit opplegg som vi skal teste i ambulansetenesta, forklarar Lynghamar, som har vore ansvarleg for utarbeiding av ordninga frå ambulansetenesta si side.

Kollegastøtteordninga vil gjelde for heile ambulansetenesta i Helse Fonna. Dei som skal fungere som kollegastøtte har gått gjennom eit to-dagars kurs med vekt på samtaleteknikk, lytting, rolleforståing og jus.

– Bra med ei fast ordning

Reidun Litlabø er éin av tre medarbeidarar i ambulansetenesta som er klar for oppgåva som kollegastøtte. 

– Eg er vel ein type som syns det er greitt at folk rundt meg har det bra. Så då eg fekk spørsmål om dette var noko for meg, svarte eg ja.

Litlabø meiner dei er gode til å snakke saman i det daglege, men at ei fast ordning er bra.

– Det gjer jo at ein kan sette av tid og ivareta kolleger betre. Ein kan snakke lenger og avtale oppfølgingssamtalar om det trengs. Det kan vere å ta ein kopp kaffi eller gå ein tur. Eg trur dette blir bra, slår ho fast.

Sjølv har ho jobba i ambulansetenesta i Helse Fonna i 10 år. Dei første åra som vikar. Litlabø trur ei kollegastøtteordning vil vere ekstra trygt for vikarar.

– Det er ikkje alle som kjenner at dei har nære kolleger, det gjeld både fast tilsette og vikarar. Det er ikkje alle ein vil snakke med om det som er vanskeleg, heller.

Då meiner Litlabø ein kollegastøtte med teieplikt er godt å ha.

Les heile saka hjå Helse Fonna.