Arbeidsmiljø
Ambulansestasjonen stengt for overnatting
Vernetenesta i Helse Førde har stengt Gloppen ambulansestasjon for overnatting. Det skjer etter ei vurdering av stasjonstilhøva bedriftshelsetenesta i Helse Førde gjorde i april og mai i år, skriv Firda Tidend.
Med bakgrunn i vurderinga stengde vernetenesta i Helse Førde Gloppen ambulansestasjon for overnatting med verknad frå fredag 5. juli.
Inneklima og støy
I ein e-post frå Helse Førde til Gloppen kommune blir stenginga av ambulansestasjonen grunngitt i to hovudpunkt. Desse er inneklima og støy.
– Rapporten syner støy over godkjente grenseverdiar for den klasse som stasjonen skal vurderast under. Måsar og trafikk utgjer det største problemet, i lag med inneklima, heiter det i e-posten avdelingsleiar Leif Magne Gil i Helse Førde har sendt til kommunen.
På hotell
Det blir vist til at det ikkje er ventilasjonsanlegg i bygget. Soverom og opphaldsrom er i den øvste etasjen. Der blir det varmt om sommaren.
– Når vindauge då må vere opne om natta grunna inneklima, forverrar støyen seg, heiter det vidare.
Helse Førde vil skaffe hotellrom for personalet medan Gloppen ambulansestasjon er stengt for overnatting. Dei ber Gloppen kommune vurdere tiltak etter det som har kome fram i rapporten, då kommunen står som utleigar.
Les meir om saka hjå Firda Tidend