Hopp til hovedinnhold


Ambulansestasjonen offisielt opna

Flunkande ny ambulansestasjon i Midtsund i Møre og Romsdal er opna, skriv Øy Avis.
– Ambulansestasjonen har fått «beste tomta i byen» og eg håpar de blir fornøgd med stasjonen. Sjølv har eg aldri vore «ombord» i ein ambulanse, men no har eg fått anledning til å sjå inni ei i alle fall, sa ordføraren og var imponert både av stasjonen og ambulansebilen.
– Ein ambulanse i dag er eit lite minisjukehus og her har vi no fått ein ambulansestasjon som er slik vi meinar ein ambulansestasjon skal sjå ut. Vi hadde eit ønskje om å komme nær helseinstitusjon og lege og dette er ei perfekt plassering, sa stasjonsleiar Erik Melsæter.
Det var i oktober i fjor at stasjonen vart teken i bruk, men det var offisiell opning  fredag 31. januar.
Det er strenge krav til kva eit slikt bygg skal innehalde. Tilsammen vart bygget 266 kvm som inneheld stove/kjøkken, kontor, garderobar, trimrom/undervisningsrom, to soverom, lager og romsleg garasje.
Og Erik Melsæter viste oss rundt på den nye stasjonen. Gjennom Bøen Eiendom har han investert 4,5 mill. kroner i stasjonen og har ein 10 års kontrakt med Helse Midt-Horge HF på utleige.
Lars Erik Sjømæling som er avdelingssjef i Ambulanse Midt-Norge gratulerte med eit flott bygg.
– Vi har gått inn i ein ny æra når det gjeld fasilitetar for ambulansepersonell.
Les mer om saka hjå Øy Avis