Hopp til hovedinnhold


Ambulansesak i Balestrand

Blir Balestrand en prøvesten på prinsipielle spørsmål om hvordan samhandling mellom spesialist- og kommunehelsetjenesten bør foregå i prehospital tjeneste?
Kommunen er i diskusjon med Helse Førde om hvordan de skal løse de akuttmedisinske forpliktelsene, ifølge kommunens hjemmesider:
Det blir vist til informasjonen som blei lagt ut på heimesida 19.10.13. Møtet kom i stand etter initiativ frå Balestrand kommune der me m.a. ønskte å drøfta følgjande problemstillingar med fylkeslegen:

  1. Oppfyller Balestrand kommune sine akuttmedisinske forpliktelsar i høve lov og forskrift - legeteneste med lokal dagvakt samt samarbeidet i SYS- IKL på ettermiddag, kveld, natt og kjøp av tenester AMK - eller blir det kravd meir?
  2. Er det medisinsk faglege forsvarleg med ein ambulanse lokalisert i Høyanger (med responstider mellom 40 og 80 minutt) eller på Hella? Høyanger blei vurdert i 2002/2003 og konklusjonen blei at Balestrand fekk ein ambulanse i sentrum; jf. gjeldande ambulanseplan.
  3. Skal Balestrand kommune ta på seg ansvar og utgifter i høve prehospitale tenester? Helse Førde vil at kommunen skal medfinansiera og drifta den føreslegne ordninga, mens me tolkar tilbodet som er framforhandla som eit prehospitalt alternativ til fullverdig ambulanse der kommunen bidreg med personalressursar m.m. for å få tilbodet på plass. Eller er det slik at ein ikkje finn at Balestrand har fagleg krav på å få stasjonert ambulanse i kommunen, og at det då er kommunen sitt ansvar å etablera ei anna akutt-teneste?

Svar: Fylkeslegen kunne ikkje svara på desse problemstillingane i møtet. Dersom kommunen ønskte å få ei avklaring i høve desse spørsmåla, måtte me be om tilsynssak hjå fylkeslegen.
Utfordringa i møtet blei difor frå fylkeslegen sin ståstad å drøfte korleis få til ei samhandling mellom Helse Førde og kommunen i høve akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus der det blei vist forskrifta § 4 som omhandlar denne samhandlinga.

  1. Partane er framleis ikkje samde om ansvarsdeling og plikter i høve den akuttmedisinske beredskapen, samt kor forsvarleg noverande ordning er. Balestrand kommune har på si side meldt saka inn for KS.
  1. Fylkeslegen peikte på at det kunne vera av nasjonal interesse å få prøvd ut prosjektet/piloten i høve framtidig organisering av akuttmedisinsk beredskap i distrikta. Tilrådde difor at ein kom i gang med prosjektet.
  1. Ordføraren la fram forslag om at ein søkte alternativ fullfinansiering av prosjektet og at ein parallelt eller som ein del av prosjektet fekk ei avklaring i høve dei prinsipielle spørsmåla som har dukka opp i sluttfasen. Det vil seia at opplæringa som er avtalt no blir gjennomført og at kommunen elles bidreg fullt ut å få prosjektet på plass snarast mogleg.

Fylkeslegen hadde ikkje noko imot ei slik tilnærming.
Helse Førde tek snarast stilling til om ein vil gå inn på den føreslegne løysinga .