Hopp til hovedinnhold


Ambulansen snudde

Knut Robert England vart henta og sendt i ambulanse mot sjukehuset. Ein halv time seinare vart han frakta på båre inn att i sin eigen heim, skriv Sogn Avis.
– Det var ei svært ubehageleg oppleving, seier Knut Robert England.
Tre kilometer
Den spesielle hendinga fann stad på føremiddagen 11. januar i år. Knut Robert England, som bur midt i Høyanger sentrum, følte seg dårleg. Ambulanse vart tilkalla og kort tid etter stod ambulansepersonell på døra. Dei la England på ei båre og bar han ut i ambulansen, før dei sette kursen mot sentralsjukehuset i Førde.
– Då me hadde køyrt 2–3 kilometer, vart ambulansen kalla opp av AMK og me stogga. Etter ei lita stund vart det bestemt at ambulansen eg var i måtte inn til Balestrand. Der var det ein pasient som var sjukare enn meg. Dermed snudde dei bilen og køyrde meg heim att. Dei bar meg på båre opp att same vegen som dei bar meg ned ein halvtime før, forklarer England.
Venta
Han vart plassert i gangen i huset sitt og fekk beskjed om at ambulansen frå Lavik skulle henta han.
– Den kom ein halvtime seinare og då var det same prosedyren igjen på båre ut i ambulansen. Men denne gongen køyrde dei meg heldigvis strake vegen til sjukehuset, fortel England. Her fekk han den hjelpa han trengde, men hendinga i januar sit framleis i.
– Pasienten i Balestrand trengde sikkert snøggare hjelp enn meg, det var ikkje noko livstrugande eg bala med, men det var inga god oppleving å vera med på dette. Eg tykkjer det er utruleg at dei kan laga til eit system som gjer at sjuke pasientar på veg til sjukehuset i ein ambulanse vert køyrde heim att. Slik skal det ikkje vera, slår England fast. Han understrekar at det ikkje var dei som køyrde ambulansen som tok avgjerda i denne saka. – Dei handla etter ordre frå høgare hald, og gjorde det beste ut av situasjonen, seier England.
– Ikkje ofte
Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, har ikkje problem med å forstå at Knut Robert England følte at hendinga i januar var ubehageleg.
– Det har eg full forståing for, seier Sægrov.
Han har ikkje tal på kor ofte ein ambulanse i helseføretaket må avbryta eitt oppdrag på denne måten.
– Det er vanskeleg for meg å gå konkret inn i denne saka, sidan det er knytt teieplikt til dette, men på generelt grunnlag kan eg seia at det er ikkje ofte at slike situasjonar som vert omtala her skjer, seier Sægrov.
Les meir om saka hjå Sogn Avis