Medieklipp

Ambulansemann vart brått pasient

Brannmannen og ambulansearbeidar Frank Nyland skulle hjelpe til under den dramatiske bensinstasjonbrannen på Sande. I staden hamna han sjølv på sjukehus.

Publisert Sist oppdatert

Brannmannen og ambulansearbeidar Frank Nyland skulle hjelpe til under den dramatiske bensinstasjonbrannen på Sande. I staden hamna han sjølv på sjukehus,skriv NRK Sogn og Fjordane.

Tidligare: Ambulansetilsett sendt til sjukehus

Frå å sjølv vere ein redningsmann har det dei siste vekene vore Nyland som har fått oppleve helsevesenet innanfrå. Det har blitt ei minnerik oppleving som han sjølv meiner er ei god erfaring.

– Då ulukka skjedde visste eg godt kva som kom til å skje. Men eg har fått meg nokre aha-opplevingar også.

Nyland har arbeidd som brannmann i 14 år. I tillegg har han jobba i helsevesenet sidan han var tidleg i 20-åra og som ambulansearbeidar dei siste fire åra.

Han var som ein av over 20 brannmenn som vart kalla ut til å hjelpe til under den dramatiske brannen på bensinstasjonen på Sande. Bygningen vart raskt overtent og ein frykta lenge at brannen skulle spreie seg til pumpene.

43-åringen frå Sande vart sett til å fylle på oksygen på luftflaskene til røykdykkarane. Men så gjekk det gale.

– Eg gikk og bar på ei luftflaske då eg mista den ned. Toppen vart slått av og den tok seg ein skikkeleg luftetur før den trefte meg på baksida av høgre låret, seier Nyland.

Han forstå kva som kom til å skje allereie før han fekk flaska i låret. 1600 liter luft gjekk ut av flaska på 30 sekund, og då han høyrde den illevarslande hvesande tutelyden forstod han at han var ille ute.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS