Ambulanseorganisering
Ambulansemangel kan kosta liv
Tom Paulsen (59) har hatt fleire hjarteinfarkt og hjerneslag. Sist måtte han venta ein time før ambulansen kom til bustaden deira i Hobøl i Akershus,
Tom Paulsen (59) har hatt fleire hjarteinfarkt og hjerneslag. Sist måtte han venta ein time før ambulansen kom til bustaden deira i Hobøl i Akershus, skriv NRK.
Dagsavisen skreiv denne veka at talet på ambulanseoppdrag i hovudstadsområdet har auka kraftig med 44.000 fleire utrykningar i løpet av dei siste ti åra.
Det tilsvarer ei auke på over 50 prosent. Til samanlikning har tenesta berre hatt ein bemanningsvekst på 16 prosent i same tidsperiode.
Men det er ikkje berre i og rundt hovudstaden at ein gjerne skulle hatt fleire folk og bilar i teneste.
På landsbasis har talet på utrykningar auka med 20 prosent i løpet av berre fem år.
– Folk er blitt for sytne
Det er ikkje fordi me har vorte sjukare at ambulansesjåførane har meir å gjera no enn før.
Publikum må ta delar av skulda for auken, meiner leiaren for akuttklinikken ved Oslo Universitetssjukehus, Olav Røise,
– Store delar av befolkninga er i dag usikre på kven dei skal kontakta når det har skjedd ulukker eller uhell. Dermed ringjer dei det 113-nummeret som dei i alle fall kjenner til, seier Røise.
Han meiner mange av dei som ringer AMK-sentralen via 113-nummeret burde ha vore luka ut og sett vidare til legevaktsentralen eller andre delar av helsevesenet.
Er folk blitt for sytne?
– Ja, det er ein måte å seia det på.
Kvart minutt tel
Per dags dato finst det ikkje noko lovfesta krav til kor lang tid det skal ta frå 113-sentralen svarar til ambulansen er framme hjå pasienten
Paulsen i Hobøl er uføretrygda etter fire hjerneslag og minst to hjarteinfarkt.
Når han blir sjuk, vert sjansane for å overleva mindre for kvart minutt inntil han får hjelp. Ettersom nærmaste sjukehus ligg 35 kilometer unna, blir det desto viktigare at ambulansen legg seg på hjula med det same.
– Det kokar i heile meg. Eg berre håpar at eg kan få hjelp når eg ligg der heilt hjelpelaus og ikkje kan gjera noko sjølv. Overlever eg, eller overlever eg ikkje – det er den største frykta medan eg ventar på at sjukebilen skal koma fram, fortel Paulsen.
Medan Helsedepartementet vurderer om ambulansetenesta bør styrkast, lever Paulsen i Akershus i frykt for at sjukebilen ein dag skal koma for seint.