Hopp til hovedinnhold


Ambulansekabal i vest

Hausten 2012 fekk Helse Førde tilbod frå kommunen om ein nøkkelferdig ambulansestasjon i Aurland, men førebels har ikkje helseføretaket svara på det tilbodet, skriv Sogn Avis.
Signala som har kome frå Helse Førde har likevel vore tydelege på at dei meiner ambulansestasjonen i Lærdal gjev eit forsvarleg tilbod til innbyggjarane i Aurland.
Seinast då ambulansesjef Stian Sægrov snakka om helseføretakets samla plan for prehospitale tenester i regionrådet for fire veker sidan, var ambulansekartet hans utan eigen stasjon mellom anna i Aurland og Balestrand.
Etter at Fylkesmannen like før jul varsla at helsetilsynet ikkje utan vidare vil akseptera at Balestrand blir utan ambulansestasjon, ser no aurlendingane at vona om at dei kan få tilbake ambulansen, som dei mista for fem år sidan, veks.
Les meir om saka hjå Sogn Avis