Hopp til hovedinnhold


Ambulansebåtforseinking i Sande

Etter at Helse Sunnmøre fekk klage på både den første og andre tilbodsprosessen for ambulansebåt-tenesta i Sande kommune, har det oppstått ytterlegare forseinkingar.

Etter at Helse Sunnmøre fekk klage på både den første og andre tilbodsprosessen for ambulansebåt-tenesta i Sande kommune, har det oppstått ytterlegare forseinkingar. Årsaka er at eit reiarlag frå Hordaland har kome på bana og kravd lenger tilbodsfrist, skriv Vikebladet.

Ein klage til KOFA (Klagenemnda for offentlege anskaffelsar) frå det nemnde Hordaland-reiarlaget kan kome til å hale ut prosessen med fleire månader, skriv Vestlandsnytt.

Før jul annullerte Helse Sunnmøre heile tilbodsprosessen fordi kravsspesifikasjonane vart endra undervegs.

Les meir om saka i Vikebladet