Medieklipp

Ålesund.

Ambulansebåt gjekk på skjer og tok inn vatn

Ambulansebåten «Øyvon» var på veg for å hjelpe til under hurtigrutedramaet på Hustadvika tysdag kveld, men gjekk på eit skjer og måtte sjølv bergast.

Publisert Sist oppdatert

– Det var hektisk ei stund, men ingen gjorde seg skade, og vi gjorde det vi skulle, seier skipper Per Jarle Sæterøy, dagen etter hendinga utanfor Rindarøya i Aukra kommune, skriv Sunnmørsposten (krev innlogging).

Det er Ålesund kommune som eig ambulansebåten «Øyvon», som er stasjonert i tidlegare Sandøy kommune.

Ingen blei skadde

«Øyvon» var på veg til Hustadvika etter at hurtigruta «Kong Harald» hadde sendt ut mayday-signal. Men ti-tolv nautiske mil før dei var framme, gjekk det gale:

– Vi kom utanpå Rindarøya, og der tok vi feil løp. Dette blei oppdaga for seint, og vi traff eit skjer, fortel Sæterøy om det som skjedde.

Hovudredningssentralen melde tysdag kveld at fire personar måtte bergast frå båten med helikopter.

Sæterøy opplevde ikkje hendinga som spesielt dramatisk, men det var hektisk før situasjonen var under kontroll. Og han er glad for at ingen av dei som var om bord gjorde seg skade.

Les heile saken i Sunnmørsposten (krev innlogging).

Powered by Labrador CMS