Ambulanse
Ambulansebasen på Dale kan bli flytta
Ambulansesentralen i Telenorbygget på Dale stettar ikkje krava frå Arbeidstilsynet. Ambulansesjef Guttorm Brattebø i Helse Bergen seier at dersom ein ikkje finn nye, tenlege lokale på Dale, kan ein måtta flytta sentralen, skriv Vaksdalposten.
– Lokala er altfor små og dårlege. Dette gjeld både opphaldsrom, garasje og anna. Her har me døgnbasert vaktteneste, folk overnattar her og krava til korleis våre tilsette skal ha arbeidskvardagen sin er strenge. Me har gjort mellombelse tiltak som me inntil vidare har fått godkjenning av frå Arbeidstilsynet. Men på sikt er ikkje dette godt nok, seier Guttorm Brattebø til VP.
Ambulansesjefen hevdar han ved fleire høve har vendt seg til Vaksdal kommune, men at han ikkje får svar.
– Me slit med å få til ein konstruktiv dialog med Vaksdal kommune, det verkar som ein ikkje tek førespurnaden vår heilt på alvor, seier Brattebø.
Verken rådmann Åse Elin Myking eller varaordførar Sigmund Simmenes seier dei kjenner saka i det heile.
Les meir om saka hjå VaksdalPosten