Hopp til hovedinnhold
Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


Ambulansestruktur – kva er eit menneskeliv i distrikta verdt?

Det er ikkje lagt fram korrekte data eller tal i det heile på blant anna flåtestyring, samtidskonfliktar eller responstider for primær- og sekundærstasjonar ved ei nedlegging av ambulansen i Lavik.

Kva truverdigheit har då arbeidsgruppa si tilråding?» spør dei tillitsvalde i Hyllestad kommune i dette innlegget i Ytre Sogn.

Ambulansestruktur og nedlegging av ambulansen i Lavik står på dagsorden for Helse Førde. Er målet om å spare pengar viktigare enn å spare liv? Helse Førde sin Prehospital plan med vedlegg skal overbevise oss at menneska som bur og forvaltar samfunnet sine ressursar ute i distrikta klarar seg utan døgnbemanna ambulanse. Lavik-ambulansen har kontinuerleg vore forsøkt nedlagt siste 20 åra, men kvar gong har ein konkludert med at den må bevarast.

Kva har endra seg? 

Arbeidsgruppe med representantar frå nokre av dei berørte kommunane, fleire representantar frå Helse Førde, samt 2 representantar frå dei tilsette skal gå gjennom data i Prehospital plan og komme fram til ei tilråding til styret i Helse Førde om ambulansestrukturen. Datagrunnlaget denne avgjersla skal feste si lit til er mangelfullt. Det er ikkje lagt fram korrekte data eller tal i det heile på blant anna flåtestyring, samtidskonfliktar eller responstider for primær- og sekundærstasjonar ved ei nedlegging av ambulansen i Lavik.

Kva truverdigheit har då arbeidsgruppa si tilråding?

Primærstasjon for innbyggjarane i Hyllestad pr. i dag er ambulansen i Lavik, ambulansen i Fjaler er sekundærstasjon. Omorganisering av vaktberedskap i Lavik har ført til reduksjon i responstida, noko som medfører at responstider frå ambulansen i Lavik til Hyllestad er redusert i forhold til i 2018 som data er henta frå. Dette medfører følgeleg at differansen mellom responstid frå Lavik og Fjaler er større no enn den var i 2018.

Med Fjaler som primærstasjon vil innbyggjarane i Hyllestad i snitt få responstid på 43 minutt. Responstid vil auke frå eventuell sekundærstasjon ved nedlegging av ambulansen i Lavik. Det er ikkje definert sekundærstasjon eller lagt fram utrekning på responstider frå sekundærstasjon ved ei nedlegging av ambulansen i Lavik!

Kvar går smertegrensa for akseptabel responstid? Kva er eit menneskeliv i distrikta verdt?

Samtidskonflikt vert av Helse Førde definert som ”bruk av sekundærstasjon på akutt oppdrag utan ledig primærressurs der det er meir enn 25 minutt til første ledige ambulanse er på plass”. Helse Førde sine data frå 2018 viser 8 samtidskonfliktar i fylket. Kor er desse tala henta frå? Statistikk syner at Fjaler som sekundærstasjon i 2018 hadde 10 akuttoppdrag til Hyllestad kommune, der desse oppdraga hadde mellom 43 og 54 minutt responstid. Fjaler hadde i 2018 òg 6 akuttoppdrag til ambulansen i Høyanger sitt primærområde, med responstider på mellom 26 og 60 minutt.

Ambulansestrukturen er i dag prega av flåtestyring, noko som fører til at tenestene i distrikta opplever lengre responstid ved tilkalling og uttrykking.

(...)

Ved nedlegging av ambulansen i Lavik seier Helse Førde at auka bruk av ekstern samhandling og frivillig akutthjelparordning vil gje auka nærleik og tryggleik til innbyggjarane i distriktet.

Kven er desse frivillige akutthjelparane, som med kritisk sjuke pasientar må vente dobbelt så lenge på profesjonell hjelp? Dei frivillige kan ikkje erstatte ein døgnbemanna ambulanse. Kven kan definere dette som auka tryggleik til innbyggjarane?

Tillitsvalde har i oktober og november spelt inn ei mengde spørsmål knytt til framlagt data til Helse Førde via Hyllestad kommune sin representant i arbeidsgruppa.

No er vi komne til januar, utan eitt einaste svar på eitt einaste spørsmål.