Hopp til hovedinnhold
Ambulanse. Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl
Ambulanse. Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


Ambulanse og vogntog i trafikkulykke i Utvik

Søndag kveld rundt 20.15 vart det meldt om ei trafikkulykke ved Karistova i Utvik.

– Det var ei ulykke der eit vogntog og ein ambulanse var borti kvarandre, seier vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen til Firda.

Erikstad fortel at det ligg knust glas i vegbana, men at vegen er open.