Innenriks
Allsidig redningsmann
Stian Helgheim frå Førde har fire jobbar og er alltid på vakt. Livet hans dreier seg nemleg om å berga andre sine liv, skriv NRK Sogn og Fjordane.
– Det er ein heilt fantastisk jobb. Eg kunne aldri ha hatt ein kontorjobb eller noko slikt.
Den allsidige redningsmannen jobbar 100 prosent som ambulansearbeidar. Han har òg brannvakt éi veke i månaden. I tillegg er han alltid klar til å rykke ut som redningsdykkar og hundeførar.
– Det er jo forskjellige jobbar, men dei har same mål: å hjelpe folk.
Som ambulansearbeidar er Helgheim med på alt frå dødsulukker på glatte vegar til planlagt skyssing av sjukeheimspasientar. Som brannmann kjempar han med alt frå øydeleggjande brannar til kattar i tre.
Når han arbeider som redningsdykkar har han på seg utstyr som veg 50 kilo. I tillegg har han ofte verktøy som kniv og hammar med seg på oppdrag. Det er i tilfelle han sjølv sit fast eller må få laus dei han skal redde.
– Når vi hoppar uti frå ei høgde på fem meter med fullt utstyr, har vi ein fart på 60 km/t når vi treff vassflata. Vi har ikkje alltid tid til å sjekke forholda på botnen fyrst, så dersom det står armeringsjern eller slike ting der, kan det gå gale.
– Det er ikkje utan risiko at du hoppar uti, altså?
– Nei, det er det ikkje. Det er jo veldig spanande, men det er vel den jobben eg er mest redd i. Murphys lov er nok veldig aktuell i jobben min.
Redsla han kjenner på før han skal ut på eit oppdrag kallar han ei positiv redsle som skjerpar sansane, og gjer han meir medviten om risiko og sikkerheit. Slik gjer han ein betre jobb, trur han.
– Eg har sete fast i ei elv i dykkarutstyr. Då trudde eg at min siste time var komen og at det var slik eg skulle forlate denne verda. Men med god hjelp av kollegaane som stod på andre sida av lina, klarte eg å kome meg ut av det.Sit du fast ein stad, er du heilt avhengig av at kompisane kan redde deg ut.
– Du seier kompisane. Ser du på kollegaene dine som kompisar?
– Ja, absolutt. Vi jobbar tett i lag og finn på ting saman på fritida. Slik blir vi godt kjende.
Les meir om saka hjå NRK