Hopp til hovedinnhold
Fra Sykehuset Østfold. Foto: Live Oftedahl
Fra Sykehuset Østfold utenfor akuttmottaket. Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


Akuttmottaka med digital tolk

Helsevesenet brukar hyppig tolkar for å forstå framandspråklege pasientar.

No har akuttmottaka i Møre og Romsdal begynt å bruke ein mobilapp for å effektivisere kommunikasjonen med desse pasientane, skriv Helse Møre og Romsdal på sine nettsider.

​Behovet for mindre ventetid på tolk i møte med framandspråklege har blitt større, spesielt med ukrainske flyktningar på veg.

Helsevesenet har nødvendighet for, og brukar hyppig, eksterne tolkeleverandørar i møte med framandspråklege.

Samtidig som tolketenesta har blitt svært kostbar, er det ein tidkrevjande prosess som og gjer det nødvendig å flytte pasienten til rom med telefon og høgtalar.

Spesielt i akutte situasjoner er det viktig å starte undersøkelsane så raskt som mogleg. 

Ubegrensa tilgang til digital tolk

Akuttmottaket i Ålesund har i lengre tid sett eit vesentleg behov for ein sikrare og smidigare måte for å ta imot framandspråklege pasientar, samt redusere kostnadane ved bruk av eksterne tolkar.

Ønsket var ein digital plattform som er tilgjengelig når ein treng det. Det har dei no funne i mobilapplikasjonen «Care To Translate» (CTT). 

– Mediantida for å skaffe tolk ligg på 36 minutt, og det er ikkje alltid at det er ein som er tilgjengeleg. Mediantida for oppstart av applikasjonen er på 26 sekund.

Det seier seg sjølv at det er ein stor forskjell, spesielt i akutte situasjonar. Det fortel Kjetil Bjørdal, som er intensivsjukepleiar i Ålesund og prosjektleiaren for utprøvinga av «CTT» i regionen.

Han har mykje erfaring med å jobbe akutt og er kjend med språkutfordringa som kan oppstå i kvardagen.

Han er svært fornøgd med å ha ei god løysing i møte med pasientar som ikkje kan eller har utfordringar med å kommunisere på norsk og engelsk.

– Det gir oss, men også pasienten, ei stor tryggheit å kunne umiddelbart kommunisere med kvarandre, slik at vi kan raskt utføre undersøkelsar og samtidig forklare pasienten kva som skjer, fortset han.