Ambulanseorganisering
– Akuttmottak er for meg ambulanse
Luster-ordføraren: – Eit delvis fungerande lokalsjukehus er ingen tryggleiksbase for meg i dag. God ambulanseteneste er for meg det vesentlegaste.
– Eit delvis fungerande lokalsjukehus er ingen tryggleiksbase for meg i dag.
Dette sa ordførar Torodd Urnes (KrF) frå utkantkommunen Luster, under eit helsemøte i Førde fredag i følge Firda.
– Sjølv om lokalsjukehusa har gjort teneste i 50 år, må ein vere villig til å endre ting. Akuttmottak er for meg ambulanse, og fødsel er ingen sjukdom, sa Luster-ordføraren i eit innlegg.
Aksjonsdemokratiet
–Akutten og føden har skygd over alt anna. Lokaliseringsdebatten tappar krefter. Aksjonsdemokratiet har fått for mykje makt. Er det slik vi vil ha det? Det er trass alt politikarane sin jobb og privilegium å bestemme. Spørsmålet er om vi vågar det, sa Urnes på strategimøtet der Helse Vest tok opp framtidas helsetenester, og der 16 av fylkets ordførarar ikkje møtte opp.
Under det same møtet presenterte ulike faggrupper i Helse Vest framtidsdata som varslar nær folketalsstagnasjon, men eit bratt aukande tal eldre i fylket i åra fram mot 2020.
Behandlingsbehova vil endre seg som følgje av det stigande talet eldre og kronikarar. Samstundes vil stadig meir avansert utstyr, dyr kirurgi og stadig høgare kompetansekrav drive fram sentralisering, sa representantane for gruppene.
Også Urnes ser endring:
– Alt kan ikkje vere som det har vore heile tida. Det betyr ingen ting for meg om eg ligg lenger i ambulansen. Det er der behandlinga startar. God ambulanseteneste er for meg det vesentlegaste. Og nærleik til poliklinikkar og behandlingstilbod til eldre og kronikarar er viktigare enn nærleiken til næraste sjukehus, sa Torodd Urnes.