Hopp til hovedinnhold
Ambulanse. Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


Ambulansearbeidar: – Å lure døden gir meg eit kick

Georg Aursnes (43) har jobba i ambulansetenesta i Hareid og Ulstein i femten år.

Han vil gjerne vere i jobben til han blir pensjonist, seier han til Vikebladet Vestposten (krev innlogging).

– Det er ikkje tvil, dette er rette jobben for meg, seier Georg Aursnes.

Det er onsdag formiddag og han er akkurat ferdig med nok ei vakt i ambulansetenesta. I lokala til Aktiv Omsorg i Saunesmarka luktar det nytrakta kaffi på pauserommet.

– Vi har eit utruleg godt arbeidsmiljø her og vi pratar mykje. Vi er flinke til å ta vare på kvarandre, det er veldig viktig, seier 43-åringen. Den tidlegare fotballspelaren er opphavleg frå Hareid og bur no på Dimnøya. Han og kona er foreldre til to.

– Dei verste oppdraga er dei som involverer små born. Både fordi eg er far sjølv og fordi born ikkje alltid klarer å fortelje kvar dei har låkt eller gje same respons som vaksne pasientar. Heldigvis er det ikkje så ofte vi har slike oppdrag, seier han.

Aursnes har tidlegare arbeidd i heimetenesta, på sjukeheimen og i rehabiliteringstenesta på Hareid. Han jobba også eit år som privatsjukepleiar før han starta i ambulansetenesta, 28 år gamal.

– Då la eg også fotballen på hylla, for å kunne jobbe i turnusen her. Seinare har eg teke innsatsleiarkurs, og er ein av fjorten her i fylket som har den tilleggsfunksjonen, fortel han.

Kvifor valde du sjukepleiarutdanninga?

– Det var tilfeldig. Eg tok eit år med administrasjon og leiing på Høgskolen i Ålesund, men det vart for kjedeleg. Så braut eg foten på treningsleir i Portugal, og vart liggande på sjukehus både der og her heime. Medan eg låg der i sjukesenga, bestemte eg meg for å søke på sjukepleiarutdanninga.

Eg kom inn i Oslo, så då flytta Wenche og eg dit medan eg dreiv opptrening på Norges toppidrettsmedisinske institutt på Ullevål. Eg tok første semester i Oslo, så oppdaga vi at vi skulle bli foreldre.

Dermed flytta vi heim, eg fekk kontrakt med Hødd og eg tok resten av studiet i Ålesund. Det har altså vist seg at dette vart midt i blinken for meg, fortel han.

Georg har møtt døden mange gongar, både privat og gjennom jobben.

– Det er slett ikkje alltid det er veldig akutt og opprivande, døden kan vere fredeleg også, seier han.

Kan du utdjupe?

– Eg opplever oftast døden som fredeleg. Då eg jobba på sjukeheim, var det mange som hadde levd lange liv og som venta på slutten på livet. Døden var velkomen, mange sa at dei var slitne og fornøgde.

Så er det slik at det ikkje er alltid pasientane ønskjer livsforlengjande behandling. Og vi opplever nok at det ikkje er så lett å ta farvel for dei pårørande når den siste dagen kjem.

– Ofte er det pårørande som ringjer fordi dei er uroa. Vår oppgåve er å berge livet til den som er dårleg. Vi kan kome fram til ein pasient som er klinisk død, då må vi prøve å få hjartet i gang igjen.

Det kan også vere pasientar med sviktande vitale funksjonar, då må vi finne ut kva som er gale og så gje rett behandling. Vi må vurdere om vi skal tilkalle helikopter, halde igjen ei ferje eller køyre fort til sjukehuset.

Av og til kan køyrevegen til Volda vere lang, men likevel kortare enn turen til Ålesund, seier Georg.

Kan du skildre korleis det kjennest når du er med på å berge eit liv?

– Det er alltid veldig godt, det er ei stadfesting på at det vi gjer er meiningsfullt og viktig. Det er ikkje slik at vi feirar det her på jobben, men det gir eit veldig adrenalinkick når vi lurer døden.

Mange synest sikkert det er spennande å sjå ambulansen køyre fort med blålys, men det er når vi kjem fram og går inn til pasienten, jobben er spennande og utfordrande. Det er då det verkelege kicket kjem, når vi står der og behandlar pasienten. Det er kjekt når vi lukkast.