Forskning

500 barn blir fødd på veg til klinikken

Publisert Sist oppdatert
Dobbelt så mange barn kjem til verda i bilen på veg til fødestova no som for 30 år sidan, skriv NRK Hordaland.
Forskar Hilde Marie Engjom på Universitetet i Bergen har sett på dei ferskaste fødselsstatistikkane og samanlikna dei med situasjonen for tretti år sidan.
– Det er kring dobbelt så stor risiko for å ikkje nå fram i dag. Ei av forklaringane er nok at mange fødestover har blitt nedlagde i mellomtida. Det har blitt større geografiske skilnader, seier Engjom, som og er lege på Kvinneklinikken i Bergen.
Det har vore ei auke i alle fylka i landet. Men det er i fylka med størst avstand mellom sjukehusa flest ikkje når fram.

Flest i Finnmark

0.69 prosent av fødande kvinner i Noreg når ikkje fram til fødestova. Delen er høgast i fylka med størst avstandar mellom sjukehusa. Planlagde heimefødslar er ikkje med i statistikken.
I Finnmark er når ei av 60 ikkje fram i tide. I Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane gjeld dette om lag kvar 75. fødsel.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS