Hopp til hovedinnhold


36,5 millionar til nytt utstyr

Helse Førde treng sårt nytt utstyr, og ber styret godta investeringa. Det blir mellom anna fem nye ambulansebilar alt i haust.

Helse Førde treng sårt nytt utstyr, og ber styret godta investeringa. Det blir mellom anna fem nye ambulansebilar alt i haust, skriv NRK.

- Vi har vel det utstyret på vestlandet som kanskje er eldst og som har størst behov for utskifting, seier konstituert direktør Vidar Vie i Helse Førde.

Til styremøtet fredag foreslår Vie å bruke 36,5 millionar kroner alt i haust på nytt medisinsk utstyr, for å fjerne litt av verstings-stempelet Helse Førde har fått.

Av dei nær 90 millionane til investering som Helse Førde har til disposisjon til og med 2011, vil Vie bruke 36,5 million allereie i haust. Og det som har størst risiko for havari blir skifta først.

Les meir om saka på NRK Sogn og Fjordane