Ambulanseorganisering

26 millonar meir til ambulanse

Publisert Sist oppdatert

Ei prosjektgruppe i Helse Vest går inn for at Helse Førde skal få 26 millionar kroner meir til ambulanse, pasientreiser og prehospitale tenester, melder Porten.
Helse Førde opplyser at styret i helseføretaket avgjorde i møtet fredag å stille seg bak konklusjonane i rapporten. Men det kom også fram at styremedlemene meiner mykje talar for at Helse Førde burde hatt ein endå større del.
- Datagrunnlaget er for dårleg. Det fangar ikkje godt nok opp korleis spreidd busetnad slår ut, meiner styremedlem Harry Mowatt.
Styret ber difor om ein ny gjennomgang i andre halvår 2014, og peikar mellom anna på at responstid då bør kome inn som eit meir sentralt element i fordelinga.
Er kritisk
Helse Bergen er dei som må gje frå seg mest i den nye modellen. Dei får redusert sine inntekter med knappe 33 millionar. Helse Fonna får ein vekst på 4,7 millionar og Stavanger 1,8.
Les meir om saka hjå Porten

Powered by Labrador CMS