Nødmeldetjeneste
113: Det er ikkje alltid vi forstår kva folk seier
Med så mange dialekter som finnast i Noreg kan det by på problem. Martin Horn har fleire gonger opplevd at det er vanskeleg å forstå kva folk meiner når han tek imot naudtelefonar på AMK i Bergen, skriv NRK Hordaland.
– Det er klart, det kan gå tapt sekundar når vi ikkje skjønar kva folk seier på telefonen når dei ringer inn til oss på 113, fortel Horn.
I den nye serien «Dialektriket», som byrjar på NRK ikveld, prøvar programleiar Yasmin Syed å finne ut kor spesiell tilstanden i dialektriket Noreg eigentleg er.
– Kva når det det handlar om liv eller død, når det står om minutt og ein verkeleg må forstå? Desse spørsmåla stilte me oss då me lagde serien, og sanninga er jo faktisk den at det kan vera utfordrande, fortel Syed.
Martin Horn jobbar på Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK), og fortel at det kan vere særs vanskeleg å ta imot naudtelefonar frå stressa folk med så mange ulike dialekter når det handlar om liv eller død.
– Spesielt dei tjukkaste vossadialektane har dei problem med å forstå, og av og til skulle eg verkeleg ønskje at alle snakka den same dialekta, fortel Horn.
Størst problem med stadsnamn
Den største utfordringa med dialekter på AMK er utan tvil stadsnamn, seier Horn.
– I daglegtalen kallar vi ein gjerne stadsnamna på éin måte, medan ein uttalar det på ein annan måte lokalt. På kartverket skriv dei kanskje namnet på ein tredje måte, det kan by på problem.
Les meir om saka hjå NRK