Ambulanseorganisering

Sp-topp liker ikke kritikk av samhandlingsreforma

Publisert Sist oppdatert

Senterpartiets helsepoltiske talsperson, Kjersti Toppe, likar ikkje at sjukepleiarane går ut og seier at liv kan gå tapt som følgje av samhandlingsreforma. - Alle har eit ansvar for å ikkje krisemaksimere og skape utryggleik iblant folk, seier Toppe til Nationen.

Forbundsleiar Eli Gunhild By i Norsk Sykepleierforbund sa til Nationen torsdag at ho er redd liv kan gå tapt som følgje av samhandlingsreforma.

- I nokre kommunar har ikkje helsetenesta den kompetansen som skal til for å møte den nye situasjonen, seier By.

Frå årsskiftet må kommunane betale sjukehusa for å la utskrivingsklare pasientar bli liggjande.

- Samhandlingsreforma inneber at folk skal skrivast ut frå sjukehus til kommunehelsetenesta tidlegare. Det vil auke talet på pasientar i kommunehelsetenestar og gi kommunane ansvar for dårlegare pasientar, seier By.

Toppe seier at ho ikkje kjenner seg att i den beskrivinga av verkelegheita.

- Det ligg ikkje i reforma at definisjonen av ein utskrivingsklar pasient skal bli endra, og eg trur ikkje at sjukare folk vil bli skrivne ut frå sjukehusa.

Ho minner om at dette er ei reform som skal innførast over tid.

Les resten av saken her

Powered by Labrador CMS