Ambulanseorganisering

Lovar styrkt beredskap

Helse Førde lovar styrking av ambulansebered­skapen i Indre Sogn. Men nemner ikkje noko om oppattstart av stasjonen i Aurland .

Publisert Sist oppdatert

Helse Førde lovar styrking av ambulansebered­skapen i Indre Sogn. Men nemner ikkje noko om oppattstart av stasjonen i Aurland, skriv Sogn Avis.
I svarbrevet Helse Førde har sendt til Fylkesmannen, om lag fire veker etter fristen dei fekk, skriv ambulansesjef Stian Sægrov at både endra bruk av sjukehuset i Lærdal, og, ikkje minst, endringane i førdetilbodet for dei fødande i Indre Sogn, har gjort ambulansetenesta meir utsett for sokalla samstundeskonfliktar.
På kveldstid
Forklaringa er at endringane har ført til fleire oppdrag for ambulansetenesta. Noko som i tillegg til fleire samstundeskonfliktar, har i seg at det kan ta lengre tid før ambulansen er på plass i ein akuttsituasjon. Eller, som det heiter i fagterminologien; « ... dette kan auka prehospital responstid».
Gjennomgang av aktivitetsloggane til ambulansetenesta i Indre Sogn, syner at det er særleg på kveldstid i vekedagane måndag til fredag, at aktivitetsnivået, og soleis tilfella av samstundeskonfliktar, har auka.
– Utvida beredskap på vekedagar ventar me vil ta ned talet på samstundeskonfliktar, skriv ambulansesjefen i svarbrevet til Fylkesmannen.
Fleksibilitet
For å utvida beredskapen på vekedagane, meiner ambulansesjefen at dei må gjera ambulansetenesta i Indre Sogn meir fleksibel. Dette vil han oppnå gjennom å endra vaktordningane i helgane. Her har tenesta i dag ein kombinasjon av aktiv tid og heimevakt.
Les meir om saka hjå Sogn Avis

Powered by Labrador CMS