Ambulanseorganisering

Hovdebygda får ambulansestasjonen

Publisert Sist oppdatert

– Ambulansestasjonen ved Volda sjukehus ar eit avvik knytt til dei fysiske arbeidsforholda som tilseier stenging på grunn av brot på arbeidsmiljølova, seier Kjersti Bergjord til Møre-Nytt (krev innlogging).
– Dette har vore kjent lenge, og vi har drifta på dispensasjon i og med at det har vorte jobba med å skaffe ein ny stasjon, seier Bergjord. Ho er klinikksjef for klinikk for akuttbehandling i Helse Møre og Romsdal.
Det var avisa Møre som først omtalte saka.
Det har vore utarbeidd ein beredskapsanalyse som viser at delar av innbyggjarane i Ørsta kommune ikkje kan nås med ambulanse innanfor nasjonale anbefalingar om responstid.
Det optimale beredskapspunktet er i Hovdebygda, seier Bergjord.
Det er også teke høgde for dekningsområde for innbyggjarar i Hornindal, som vert slått saman med Volda kommune frå 2020.
Anbodspapira vil gå ut i løpet av kort tid, og kravspesifikasjonar vil bli gått gjennom av seksjonsleiar, tillitsvald og verneombod i Volda.
Les meir om saka hjå Møre-Nytt (krev innlogging)

Powered by Labrador CMS