Ambulanseorganisering

Får tre årsverk til

Før påske i 2013, reknar ambulansesjef Stian Sægrov med at ambulansetenesta i Indre Sogn skal vera styrkt med til saman tre årsverk.

Publisert Sist oppdatert

Før påske i 2013, reknar ambulansesjef i Helse Førde Stian Sægrov med at ambulansetenesta i Indre Sogn skal vera styrkt med til saman tre årsverk, skriv Sogn Avis.
Dei tre årsverka det her er snakk om er lagt inn i 2013-budsjettet til Helse Førde. I eit brev til Fylkesmannen, der ambulansesjefen går meir i detalj rundt omfanget av dei sokalla sasmtundeskonfliktane hjå ambulansetenesta i Indre Sogn, skriv han at dei no planlegg drøftingsmøte med tillitsvalde og verneombod om denne styrkinga.
To av dei nye årsverka skal leggjast til ambulansestasjonen i Lærdal, medan det tredje bli plassert ved stasjonen i Årdal.
Les meir om saka hjå Sogn Avis

Powered by Labrador CMS