Ambulansekrasj

Ambulanse under utrykking kolliderte

Publisert Sist oppdatert

NORD-AURDAL (NRK): På veg til ei møteulykke kolliderte ambulansen med ein personbil. To personar er hardt skadd, deriblant føraren av ambulansen, ifølgje NRK Hedmark og Oppland.
Klokka 07.05 måndag morgon kom meldinga om ei front mot front-ulykke på E16 ved Røn i Vestre Slidre i Oppland.
Nokre minutt seinare kom nok ei melding. Ambulansen som var på veg til staden hadde kollidert med ein anna personbil ved rett sør for Strand kyrkje i Nord-Aurdal.
Politiet melder om at vegen på staden er særs glatt.

To hardt skadd

I dei to personbilane som fyrst kolliderte omtrent ein kilometer nord for Røn, skal det ha sete ein person i kvar bil. Der er den eine flydd til Ullevål sjukehus. Personen er hardt skadd.
I ulykka ved Strand i Nord-Aurdal der ei ambulanse kolliderte med ein personbil er sjåføren av ambulansen flydd til Ullevål sjukehus. Også denne personen er hardt skadd.
Totalt fem personar har vore involvert i dei to ulykkene. Og to av dei er altså no flydd til Ullevål sjukehus. Dei tre andre personane er lettare skada.
– Vi antek at ambulansen har kome over i motsett køyrebane og kollidert med ein møtande bil. Ambulansen var på veg til ei anna møteulykke, seier Erling Andersen, politioverbetjent i utrykkingspolitiet, på ulykkesstaden i Nord-Aurdal.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS