ambulansebåt
Helse Førde må igjen spare pengar
I det store bilete aukar kostnadene mest til ambulanse både med bil og båt, og inntektene minkar på grunn av samhandlingsreforma, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.
I aprilrapporten som styret i helseføretaket skal handsame torsdag går det fram at medisinsk klinikk så langt i år ligg 6,5 millionar bak budsjettet. Årsaka er færre behandla pasientar og auka utgifter til medisinar og løn.
No har ein starta arbeidet med å finne ut kva ein kan gjere for å få budsjettet på rett kjøl. Når avdelingar må kutte kostnader er løysinga ofte at talet på tilsette må ned.
At det må bli tilfellet no er førebels usikkert.