Ambulanse
Pliktmessig alkoholavhald for helsepersonell
Helse- og omsorgsdepartementet er bekymra over bruken av alkohol og andre rusmidlar blant tilsette i helsesektoren. – Vi ønskjer derfor eit forbud mot å drikke alkohol åtte timar før arbeidstida startar, seier helse- og omsorgsminister Anne- Grete Strøm- Erichsen. Forslaget blir no sendt på høyring. (Men viss ein reknar ambulanseyrket som at ein er yrkessjåfør har ein alkoholforbod 24 timer før vakt.)
Helse- og omsorgsdepartementet er bekymra over bruken av alkohol og andre rusmidlar blant tilsette i helsesektoren. – Vi ønskjer derfor eit forbud mot å drikke alkohol åtte timar før arbeidstida startar, seier helse- og omsorgsminister Anne- Grete Strøm- Erichsen. Forslaget blir no sendt på høyring, skriv dei i ei pressemelding.
Statens helsetilsyn har uttrykt bekymring for at eit aukande antal tilsette i helsesektoren får kalt attende autorisasjonen sin på grunn av rusmisbruk. Berre i 2009 mista 66 tilsette i helsevesenet autorisasjonen sin på grunn av rusmisbruk. Av desse var 38 sjukepleiarar og 10 legar.
– Vi er opptekne av at pasientane skal ha tryggleik for at dei får best mogeleg oppfølging når dei kontaktar helsevesenet. Då seier det seg sjølv at vi ikkje kan risikere feilbehandling fordi tilsette er påverka av rusmidlar, seier Strøm-Erichsen.
Forslaget inneber også at ein kan pålegge prøvetaking ved mistanke om rusmisbruk, og framstilling for prøvetaking ved politiet si hjelp dersom helsepersonell nektar å avlegge prøvar.
– Eg ser at enkelte tilsette kan oppleve eit slikt krav som krenkande, men her må pasientsikkerheten komme fyrst. Det skulle berre mangle at dei same reglane som gjeld for tilsette i andre sektorar som flytrafikk og jernbane ikkje skal gjelde for personar som skal kunne redde liv, seier helse- og omsorgsministeren.
Høyringsnotatet er sendt til alle verksemder i helsetenesten, alle arbeidstakarorganisasjonar som organiserer helsepersonell, pasientorganisasjonar, alle kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn, departement og direktorat, politi og andre. Høyringsfristen er 15. september 2010.
Sjå pressemeldinga på HODs nettside