Ambulanse

– Eg måtte snu meg to gonger

Publisert Sist oppdatert

Frederik Fossum frå Kristiansand fekk seg ei overrasking då ein ambulanse frå Helse Førde plutseleg køyrde forbi han i Albania, melder NRK Sogn og Fjordane.
Fossum var på biltur frå Montenegro til Albania då han fekk auge på ambulansen frå heimlandet.
– Den kom og parkerte rett ved sida av meg. Eg måtte snu meg to gonger, for den var heilt komplett, det var berre 113-nummeret som var delvis fjerna, seier Fossum.
Han arbeider på sjukehuset i Kristiansand, og veit korleis ambulansane skal sjå ut. Han reagerte på at sjåføren ikkje hadde på seg noko som likna på ambulanseklede.
Etter at han delte biletet på Instagram, fekk svar frå ein som tidlegare var ambulansearbeidar som meinte den kunne ha blitt donert til Albania. Der skal han leve pensjonistlivet i teneste for ein humanitær organisasjon.

Likar det ikkje

Det er meininga at bilen skal bli kledd i nye klede før han tar fatt på tenesta. Det er viktig for den tidlegare arbeidsgjevaren, Helse Førde. Dei vil helst ikkje sjå bilane deira i sine gamle arbeidsklede.
– Sidan det no er andre eigarar, er det mest ryddig at merka våre blir fjerna. Det er meininga at bilane skal avmerkast når dei blir selt, men vi vart kjend med at det ikkje har skjedd med denne bilen, seier Vidar Steen i ambulanse- og medisinsk naudmeldeteneste i Sogn og Fjordane.
Dei likte dårleg å sjå bilete av Helse Førde-merka i Sør-Europa.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS