Akutthjelper
HRS ter sjølvkritikk
Hovudredningssentralen i Sør-Noreg innrømmer at dei burde ha sendt fleire redningsfolk tidlegare til båtulukka i Haram i haust.
Hovudredningssentralen i Sør-Noreg innrømmer at dei burde ha sendt fleire redningsfolk tidlegare til båtulukka i Haram i haust, ifølge NRK.
Natt til 1. oktober gjekk ein fritidsbåt med seks personar om bord på grunn ved Lepsøyrevet i Haram. Tre menneske mista livet i ulukka og tre fekk større eller mindre skadar. I etterkant kom det fram at varslinga mellom naudetatane ikkje fungerte som ho skulle. Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) og politiet fekk kritikk for korleis dei handterte redningsaksjonen. No har HRS, saman med Sunnmøre politidistrikt og Helse Møre og Romsdal hatt evalueringsmøte etter båtulykka der tre personar omkom. HRS innrømmer at dei burde vore raskare ute med fleire ressursar.
Hele saken kan leses på nrk.no