Aktuelt
Simulering og kunstig intelligens skal gi betre 113
Du ringjer 113. Du tenkjer det kan stå om livet. Eit hjarte har stansa, eller ei trafikkulukke har skjedd, kanskje er barn involvert.
Du er den første på plassen. Det hastar. No skal simulering og kunstig intelligens gi betre og raskare telefonhjelp, skriv Helse Vest.
Thomas Werner Lindner sit på eit luftig kontor med utsikt til fjorden og vaiande trekroner og driv fram eit innovasjonsprosjekt i regi av Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest, gjerne kalla Rakos.
Senteret skal utvikle og spreie kompetanse for betre akuttmedisinske tenester i Helse Vest. Men dette er det nasjonal, for ikkje å seie internasjonal, interesse for.
– I Noreg jobbar ingen andre med noko liknande. I København er det eit prosjekt som er i slekt, men helt annleis. Me søkjer derfor pengar frå EU, fortel Lindner.
Simulering
Korleis gjere operatørane betre? Korleis kan dei trene realistisk på situasjonar der bokstaveleg talt mykje står på spel. Og korleis kan innsatsen deira støttast opp når dei står midt opp i det? Éin ting er det medisinske, dei har alle ein fagleg bakgrunn, gjerne som sjukepleiarar. Ein annan sak er teknikken – og ein tredje kommunikasjonen.
Eit stikkord for kva Rakos held på med, støtta av Helse Vest og Norges Forskningsråd, er simulering. Eit anna er kunstig intelligens (AI). Prosjektet er no i ei innleiande fase.
– Vi trur at simulering er ein treningsmetode som gir god effekt. Og øver vi litt kvar dag eller kvar uke, lærer vi meir enn om vi kjem saman på eit kurs eller eit seminar og øver mykje nokre få dagar i året.
Testinga i gang
Før sommaren 2018 sende kompetansesenteret Rakos ut ein liten pilot, dei fyrste testsamtalane blei tekne.
– Vi byggjer ei plattform som gjer at operatøren kan seie til datamaskinen: Ring meg opp som pasient. Operatøren kan også seie kva slags hending det skal handle om, for eksempel hjartestans. Så kan ho eller han øve, på jobb, når det elles ikkje er telefonar som kjem inn. Trene på å gi gode svar. Kan ein gjere det, blir ein mykje betre over tid, seier Thomas Lindner.
Selskapet Headroom Life Science i Stavanger, som blant anna driv med testing og analyse, er ein partnar i prosjektet. Somsagt AS i Oslo er ein annen. Dei spesialiserer seg på god kommunikasjon. For dette handlar også om orda.
– Ja, prosjektet har òg ei kommunikasjonsteoretisk tilnærming. Vi ser på korleis operatøren kan støtte den som ringjer inn. Kva det betyr å seie ”det går bra” eller ”vi får det til” eller ”eg skjøner du er redd”.
Denne simuleringa av samtaler er første steget. Lindner og Rakos satsar på å ha teke deti bruk i 2018.
Kungstig intelligens
Det kjem eit steg til. Det kjem eit år også, 2019.
– Då ønskjer vi å bruke kunstig intelligens til å analysere reelle samtaler til naudmeldetenesta på direkten. Med kunstig intelligens kan vi lytte og vere ein støttespelar for operatøren undervegs.
– Korleis?
– Det finst mykje som seier meir om sjølve situasjonen på skadestaden enn orda åleine, det kan vere måten stemma endrar seg på, lengda og kompleksiteten i setningane, bakgrunnslydar, enkelte nøkkelord. Her kan kunstig intelligens bidra til riktige avgjerder raskare. Dataverktøyet kan sjølv løyse problem og lære av eigne erfaringar.
– Kva vil det oppnå?
Lindner svarer punktvis.
– Ein raskare og meir riktig respons.
– Betre hjelp mens ein ventar på at helsepersonell skal kome fram til den sjuke eller skadde pasienten. Det tar kanskje 10-15 minutt, og det er mykje operatøren kan gjere i mellomtida.
– Betre koordinering av oppfølginga, med betre nytting av ressursar.
Les heile pressemeldinga hjå Helse Vest